torsdag 10. juli 2008

Tilsyn av sau på utmarksbeite


Oppfordring til alle som går i Henjadalen og i Henjafjella å rapportera om skada eller daude beitedyr, og rapportera observasjon av eventuelle rovdyr.




Nokre bilder av eit daudt dyr og området rundt, kan sei mykje. Eventuelle bilder kan sendast til ein av oss:


Ivar O. Henjum ih@avinet.no 982 04 877
Per Henjum per.henjum@gmail.com 908 27 350 (ikkje MMS)
Magnar Fredheim magnar.fredheim@vekstra.no 909 25 811



Flott er det også om du legg inn ein "rute-beskrivelse" når du har vore til fjells utan å ha sett noko unormalt.
Hugs å notera dato for turen.

NB!! Du treng ikkje registrera deg for å skriva kommentar.


Klikk på " x kommentarer " nedanfor for å skriva inn.

Sankelaget takkar alle som vil delta.


.

35 kommentarer:

Henjum og Røysum Sauesankelag sa...

Funne eit rovdyrdrepe lam mello Flya og Nyastøl. Eigar Per Henjum, øyrenummer 80511. Erling Holen

Anonym sa...

Var til Fivelhola onsdag kveld -10/8. Gjekk nokre sauer midt i dalen.Den eine sauen har svart halve hovudet. Alle beita roleg.
Trimmar

Anonym sa...

Tur til Friksdal og Vogga idag 11.07. Allt normalt,såg mykje sau.
Bjørn Hagen

Arild H sa...

Søndag 13.juli var Tordis og Arild ein tur til Sevihovden. Det gjekk ein del sauer i Nuedalen og ut mot Skuledalen.Sauene går høgt no.
Ved kikring ned i Friksdal såg vi ingen sauer rundt sela, men ein del lenger framme på begge sider av dalen. Alt virka normalt denne dagen.

Anonym sa...

Stokksete i går kveld 14.07. På bøen gjekk nokre sauer til Marit og Holen. Alt normalt.

Anonym sa...

Eg har ein tvilling-sau (6873) med broten h. framfot i Fivelhola.Den har betennelse i foten som er behandla i 3 dagar med antibiotika. Smurde den inn med jodkamfersalve slik at flugene held seg borte. Sauen er elles i fin form. Den har det betre der framme enn heima.

Anonym sa...

Friksdal,Vogga,Voggehammrane og Røsebotn fredag 18.juli. Friksdal til Gausagard såg eg mange sauer til Per, Erling og Bjør. Vogga, Hammrane og Røsebotn var det kun Roger og mine eg såg. Eit lam til Erling gjekk med mine i Røsebotn(8025). Sauene gikk høgt. Sauene var roleg og alt såg normalt ut, ingen tegn til sjuke dyr.
Ivar Henjum

Anonym sa...

Øystein og Tordis var til Sevi laurdag 19.juli. Ingen sauer å sjå på veg til Sevi. Haltesauen til Per, var komen til Sevi den som gjekk på Flotande tidlegare. Nye salteplassen på sevi ver teken godt i bruk. Me gjekk vidare til Nuedalen og ned igjen på myrane mellom Sevi og Skuledalen. Ein del sau å sjå, mest Per sine, 2 av våre og ein tvilligsau til Bjørn H og Hallandsau. Såg ull og bein etter lam på myrane ved Nuaona, men ikkje noko øyremerke.
Tordis

Anonym sa...

Fekk melding om eit drepe lam i Fivelhola (Flotande) i dag føremiddag. Tok kontakt med Einar Fortun etter eg hadde sett på lammet. Han kom ut og undersøkte lammet, Kraftige bit i halsen og eine bogen var avriven.
Fortun konkluderte med at dette var 99% sikkert drepe av gaupe.

Anonym sa...

Sevi,Nuedalen,Svartavatnet og Okslahaugene Søndag 20.juli. Såg mange Per sine på Sevi og i Nuedalen. Sauene mine som har gått på Stokksete i vår, var på veg mot Svartavatnet. Såg 10 sauer med lam, til Magnar, samla øpst i Okslahaugane, bla.a. "radiosauen" med tre fine lam. Alt normalt men også vi observerte den steghalte til Per.
Kjellaug og Ivar

Anonym sa...

Onsdag morgon var Linda og Tordis ein tur til Sevi. Me gjekk til salteplassen og ein runde mot Nuedalen og ned igjen på myrane. Såg trillingasauen vår, nokre suene til Bjørn H og Per sine. Alt stille og roleg.

Anonym sa...

Den 25.07.08 skreiv Nils Magne Slinde følgjande:

Hei
Eg fann ein dau sau neders i Nuedalen i går kveld (ved snøfonna langs elva frå Blankavatnet). Raud klave m/ bjølle som eg tok med heim. Men eg fann ikkje noko øyremerke - kanskje fugl eller anna dyr har reist med det. Har eit bilete på mobilen. Kan sende det når eg får kopla til mobilen til pc-en. Mykje sau i område Sevishovden - Kjeringafjell i gårkveld.

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Anonym sa...

Frå Myrdal opp fremst på Svolset og
nedatte ved Voggevatnet. Ingen Sauer fremst på Svolset,men framleis mykje snø. På vest sida av elva frå Voggevatnet gjekk det mange Roger sine sauer. Var i Vogga midt på dagen i steikande sol, så vi såg lite dyr, men av det vi såg var alt normalt. Det var godt fiskebit onsdag kveld i heimsta Myrdalsvatnet.

Olav,Einar,Kjellaug og Ivar

Anonym sa...

Snakka med Kurt i dag. Den 12. juli fann Kurt Langeteig eit daudt lam på myrane lengst framme og ned mot Skredn (frammom Sevi-stølen).Umulig å finna øyremerke. Daudt/drepe tidlegast 4 dagar før.
Der gjekk ein sauen min med eitt lam. Han greidde ikkje sjå nummeret på sauen.

Anonym sa...

Søndag 03.08 var Erling og Bjørn i Friksdal. Vi skilde lag på Gaosagar, Erling til Vogga og Bjørn
heimover Sevihovden/Nuedalen.
Treffte Ivar under Kjeringafjeddle.
Der letta det også ein stor flokk
med rabn(20-30 stk?)Sikkert noko daudt i dette område under Kjeringafjeddle sjølv om vi ikkje fannn noko.Ellers ikkje noko spesielt å melda , vi såg mykje sau
frå Friksdals-selbøen og framover.

Anonym sa...

Marit, Maria og Magnar Fredheim opp fra Henjadalen på heimsida av Skuledalen. Såg ikkje sauer før me kom til Okslahaugane. Der treffte me mange sauene våre samt Aud Halland Molvik sine + sau m/2 lam til Roger og d.s. til Eirik Husabø. Fremst i Skuledalen gjekk det svart sau m/lam til Bjørn. Ved elva på Sevisida 2 sauer og 2 lam til Bjørn. Det gjekk fleire sauer oppover på Sevisida. Alt rolig men også me høyrde rabnane.

Anonym sa...

Søndag 3. august.
Opp på heimsida av Skuledalen,Okslahaugane,
Svartavatnet,Blankavatnet, fram under Kjerringa, Atlehaugen, Friksdal og heim atte dalen. Såg mykje sau, alt normalt, såg ravn eg også under Kjerringa.

Anonym sa...

Fredag 08.08.08 . Ettermiddagstur opp frå Henjadalen på heimsida av Skuledalen til Okslahaugane- Fremste Skuledalen-under Blankavatnet-Nuedalen-Sevi. Ein del sau fremst i Skuledalen.Allt OK.

Anonym sa...

Va opp te varden på kjeringafjell søndag 3 aug. Sau heile vegen. Rolege og verka ikkje forstyrra av rovdyr. Mykje feit ramn so tydelegvis har hatt det godt i sommar.
Øyvin M

Anonym sa...

Onsdag 06 aug.
Flya,Friksdal,Vogga, frå Vogga over til Røsebotn, heim atte til god mat og drikka hos Arild i Friksdal. Torsdag morgon opp til Sevihovden for å setja opp basestasjon. Såg mange sauer, men ikkje noko unormalt.
Nils Magne og Ivar.

Anonym sa...

Var ein tur til Stokksete sundag 10.08. Mange Marit sine på selbøen.
Allt ok.

Anonym sa...

Onsdag 13.08: Kveldstur til Nyastøl.Ikkje sau å sjå myddlo Flya og Nyastølen. 9 lambsauer til Per+ 4 til Hålen på Flya. 4 d.s til
Roger lenger heima i dalen.Allt iorden.

Anonym sa...

Kjellaug og eg var på Stokksete i helga. Bar opp ny saltstein på Okslahaugane. Såg mykje dyr, og sauene mine var overraskande tamme og alle dei eg registrerte hadde alle lamma sine. Mange sauer til Magnar på Okslahaugane, såg ein del dyr på Sevisida av Skuledalen, og uventa mange dyr i rekkje etter vatningsveita fram mot Svartavatnet. Gjekk ned att Ostakanthadli og såg ein del Stadheim-sauer. Rolege dyr i fjellet, men me registrerte og ramn og ei ørn over Fagereggi.
Kjellaug, Olav, Marit og Einar, søndag 17. aug.

Anonym sa...

No virkar basestasjonen på Sevifjellet. Det var radiosendaren til Nrk på Storehogen i Sogndal som forstørra. Ein ekspert fra TELENOR laga eit filter som vart tilkobla basen vår laurdag 30/8. Etterpå har 2 VHF-klavar meldt seg opp.
Elles har det vorte lite blogging av saueeigarar som har vore på ettersyn. Det må vel tolkast som om alt er OK i beiteområdet?

Anonym sa...

Laurdag 16, og søndag 17 aug.
Erling, Bjørn og Ivar tok føre seg Friksdal,Vogga,Røsebotn og Svolset. Såg mykje dyr, alt normalt.

Anonym sa...

Søndag 31.august.
Kjellaug og Ivar til Svartavatnet.
Gjekk opp og ned Skuledalen på heimsida. Våre tre sauer med lam + sau med lam til Per var alt som blei observert av sankelaget sine sauer.

Anonym sa...

Søndag 31.august: Var ein tur til Nyastølen.Lite sau og sjå,allt ok.
bjørnh

Anonym sa...

Sundag 07.09. Har vore i Friksdal idag. Ein flott tur i nydeleg haustver,allt ok i beiteområde.
Framifrå gode haustbeiter, detta ser ut til å bli eit av dei beste åra på lenge !
bjørnh

Anonym sa...

Kveldstur til Kjeringafjell tysdag 9.9. Flott ver. Ein del sau i liane over Sevi og Svartavatnet. Dei eg såg over Sevi var Per Henjum sine og dei som gjekk oppe ved Blankavatnet trur eg er Molvik - Halland sine.

Anonym sa...

På Monken vart eit lam skada i natt, halen er reven av og berre ein kort beinbit står att. Lurer på kva som har skjedd. Det er ikkje så vanleg at dei trakkar av kvarandre halen når dei går ute. Kan reven ta halar? Ingen andre skader på lammet.
12.september.

Anonym sa...

Tidleg i denne veka konstaterte fjelloppsynsmann Einar Fortun eit gaupe-drepe lam på Myklateigen til Nils Husum. Sankelaget søkte fylkesmannen og fekk fellingsløyve på ei gaupe. Løyvet gjeld i heile kommunen og varer til 1. oktober

Anonym sa...

Onsdag 10.09-Laurdag 13.09.
Har vore i Friksdal på rupejakt i
4 dagar. Har vore på Svolset,Rysebotn,Friksdalen,
Kjeringafjeddle,Kaldekletten,
Sevihovden.Framleis ein god del sau
att i fjeddle.Sauene gjekk høgt i det fine veret,såg ikkje noko unormalt.Var 5 sau og lam til Erling under Svolset(nedst i Veraskåri)Får håpa dei "ha seg darifrao" til me ska på jag til helgi ! bjørnh

Anonym sa...

NO STARTAR ME PÅ SESONGEN 2009 HERIFRÅ

Henjum og Røysum Sauesankelag sa...

NY LINK:

http://sankelag.blogspot.com/2009/06/tilsyn-2009_19.html#comments